Brøytestikker no til dags

06.03.2018

Av Arnfinn Kolerud: Odd Børretzen innleier ein av songane sine med orda," En dag oppdager du at du er gammel ". Teksten handlar om at han ikkje lenger forstår kva folk seier, når dei bruker ord som laptop og agenda. Denne veka var det min tur til å oppdage det. Eg er gammal. Men det hadde ikkje med språk å gjere. Eg forstod det på brøytestikkene.

Brøytestikkene no til dags får stå i fred. Det er jo bra, men på ein annan måte synd. Når ungane i dag ser ei brøytestikke, er eg redd for at dei berre tenker; brøytestikke ! Da eg var ung , var dei laga av bambus, og eg tenkte; spyd ! Dei flaug lett gjennom lufta. Om kasta vart for korte, fann vi ein nedoverbakke å kaste i. I dag ser eg ingen unge med brøytestikke. Om eg hadde vore 13 år i dag, omgitt av luksusbrøytestikker i raud plast, ville eg tenkt: slalåmportar ! Eg kunne ha lagra dei i eit uthus og brukt dei i ein bortgøymt bakke der Statens Vegvesen ikkje hadde innsyn.

I haust vart det sagt på lokalradioen at ein fruktbonde i Nordfjord måtte skunde seg å plukke plommer før stormen kom og tok dei. Det undra meg. Var ikkje sesongen over ? Og burde ikkje naboungane hans nytta dei mørke haustkveldane til å tømme plommetrea ?

Jeg er et gammelt troll, syng Odd Børretzen. Et troll er gjort av jord og stein, med snø rundt hjertet, is til bein.

Før greide ungane seg med hoppestrikk og hoppetau. For nokre år sidan kjøpte foreldra Happy Hop - hoppeslått til prinsessene sine, og North Adventure trampoline med pulverlakkert ramme og justerbar sprett, enda det sto ei liknande i nabohagen. I dag ser eg ikkje ungar ute lenger. Dei sit inne og er allergisk mot mjølk og egg og bjørk og havre og katt og kulde og doble konsonantar. Ute i hagen blæs trampolina over til nabohagen, der det står ei frå før. Eg er redd ungane ser ein raud syltestrikk og tenker: syltestrikk, og ikkje noko som kan leggast på golvet for å trille klinkekuler inn i. Ein syltestrikk kan bli ein heil stadion.

Jeg er et gammelt, gammelt troll.

Snart får du kjøpe flate, emaljerte steinar på nettet, spesialdesigna til å kaste fiskesprett bortetter ei stille vassflate. 50 steinar for 199 kroner. Så slepp ungen din å leite sjølv, og bli skuffa over alle dei kantete og upraktiske steinane på bakken. Det blir stas !